– I dag er atomvåpen framleis med oss. Difor vil eg, saman med dykk, jobbe mot ei verd utan atomvåpen, sa han gjennom tolk på arrangementet.
Dei overlevande fortalde både om skrekken då bomba falt, og den vanskelege tida etterpå, då det var lite mat og mange fekk varige helseplager.
Bør aldri brukast
Ola og Liv seier til Framtida Junior at det var sterkt å høyre på kva dei overlevande hadde opplevd som barn. Liv meiner atomvåpen aldri bør brukast, nettopp fordi det rammar alle.
– Det går ikkje berre utover dei det er meint for, men også sivile, bygningar og klimaet og alt sånt, seier ho.
– Eg er heilt einig med Liv, det er kjempefarleg, og det er ikkje naudsynt i det heile tatt. Det einaste det gjer er å øydeleggje byar og drepe alt du ser, seier Ola.
Rart å vere ferdig
Ola og Liv har brukt hausten på å planlegge festen, der dei både kunne opplyse om konsekvensane til atomvåpen, men også ha underhaldning frå talentfulle barn og ungdommar.