Steg 1
Finn fram:
- To ark
- Ein svart tusjpenn
- Ein blyant
- Eitt viskelêr
- Ein linjal
Steg 2
Teikn to ruter på eine arket. Bruk linjalen for å få det beint!
Steg 3
Tenk på noko morosamt eller rart. Det kan vere noko som har skjedd med deg på ekte, eller rein fantasi. Skriv det ned på det blanke arket.
Steg 4
Skriv ned kva karakterane skal seie og gjere i kvar rute. Dette blir ofte kalla for eit «manus».
Tips: Prøv å overraske lesaren i siste rute! Då blir det meir morosamt!
Steg 5
Snu arket med manuset, og øv deg på å teikne figurane som skal vere med.
Tips: Gje figurane kvar sitt kjenneteikn. Sjå for eksempel hårstråa til Linn i midten!
Steg 6
Skriv inn teksten med dei ferdigteikna rutene. Teikn snakkebobler rundt etterpå. Hugs å skrive tydeleg!
Steg 7
Skiss inn figurane i kvar rute. Ikkje trykk hardt på blyanten, fordi då kjem det spor i arket (litt som kjelkespor i snø). Då er det vanskeleg å viske ut etterpå!
Steg 8
Bruk tusjen til å teikne over blyantstrekane. Etterpå kan du viske ut blyantstrekane.
FLEIRE TIPS HER:
Dunce-sjefen gir gode stripetips
Tips til deg som vil laga teikneserie