NRK har snakka med Victoria Rummelhoff Ilich som jobbar som marknadsanalytiker i Postnord. Ho jobbar mellom anna med å finna ut kva som er årsaka til at folk handlar annleis enn før.
– Gjenbruk er eit godt og miljøvennleg alternativ i ein vanskeleg og krevjande marknadssituasjon med dyrtid, seier ho til NRK.
Ho meiner meiner det er dyrtida som gjer at fleire vel miljøvennleg handel. Dyrtid er ein periode med høge eller sterkt aukande prisar.