Julebok vann høgthengande pris

Kristine Rui Slettebakken og illustratøren Nora Brech vann Brageprisen med «Billie og Bo og den heidundrande jula».

Dei får skryt av juryen for forteljarglede og evna til å snu tilværet frå kjedeleg til gøy, frå grå til glitrande.

Boka blir skildra «som barnelivet sjølv: Ein god miks av vanleg kvardag og ellevill fryd».