Norske forfattarar vil beskytte verka sine mot sensur

Det er ein reaksjon på endringar i Roald Dahl-bøkene.

Denne veka vart det kjend at forlaget til Roald Dahl sine barnebøker kjem til å endre på språket i nye opplag av bøkene. Språkendringane inkluderer blant anna at karakterar ikkje lenger blir skildra som «tjukke» eller «feite», og det blir lagt inn meir kjønnsnøytralt språk.

Endringane har fått fleire til å reagere. Gyldendal, som har rettane til publisere bøkene på norsk, har blant anna sagt at dei ikkje ynskjer å ta inn endringane, etter fleire reaksjonar.

I tillegg har fleire norske forfattar sagt at dei ynskjer å ordne avtale med forlaga sine for at dette ikkje kan skje med deira eigne verk.

Maria Kjos Fonn, Matias Faldbakken, Ingvar Ambjørnsen og Tom Egeland er nokre av forfattarane som vil bevare språket i bøkene sine.