Kvar haust lyser skulebiblioteket ut jobben som elevbibliotekarar, og alle som er interesserte i jobben må søkja.
– Eg skreiv at eg kan ta ansvar, likar å hjelpa til og likar å ha det ryddig, seier Astrid Aasheim (12).
Saman med Diana Amiri (10), Frida Haukereid (10) og Olav Emile Roseth Carlsen (12) er ho blant dei kring ti heldige som har blitt elevbibliotekar denne hausten.
– Det er ein gøy jobb og kjekt å få koma på biblioteket, fortel Olav Emile. Kvar av dei jobbar éin gong i veka i storefri.
Får lesa før alle andre
Ein fordel med å vera bibliotekar, er at dei kan få lesa dei nye bøkene før alle andre, og dei kan koma med ønskje til bøker å kjøpa inn. Og så kan dei vera inne i det varme biblioteket i friminutta når dei andre må vera ute i regnvêret.
– Eg ryddar, set lappar på nye bøker og skannar bøker som er innlevert, fortel Frida Haukereid (10).
Elevane har vore med på å laga ei halloween-utstilling og fleire andre utstillingar, og tilrår bøker til medelevane.
Stor auke
Biblioteket på Langeland skule har meir enn tredobla utlånet på berre nokre år, fortel Synnøve Stautland Koløen. Ho jobbar fire undervisingstimar i biblioteket kvar veke.
– Alle burde ha tilgang på eit bemanna skulebibliotek, seier ho, og understrekar at det er viktig at nokon brenn for skulebiblioteket.
– Me ville at biblioteket skulle vera eit annleis rom på skulen, eit tiltalande og godt rom der elevane hadde lyst til å vera, med bøker det var freistande å lesa i.
– Elevbibliotekarane våre er veldig gode ambassadørar for lesing, legg ho til.
– Det er gøy å lesa, og leva deg inn i ditt eige univers. Du kan koma inn i ei verd som er di, seier Astrid Aasheim (12).
– Det er gøy å lesa bøker med bilde, men når det ikkje er bilde der, så kan du laga dei sjølv inni deg, seier Olav Emile.