Filmen «Ibelin» kan vinna Oscar

Den norske dokumentaren «Ibelin» er kvalifisert til vurdering for Oscar-utdelinga i kategorien beste dokumentarfilm. 

Filmen er ein av 169 på den offisielle lista over nominasjonar. Seinare blir denne lista korta ned til fem filmar som skal kjempa om ein Oscar-pris.

Ibelin er historia om Mads «Ibelin» Steen som døydde av ein muskelsjukdom, 25 år gammal. Familien trudde han hadde levd eit einsamt liv, men etter dødsfallet byrjar dei å få meldingar frå spelevennene til Mads, det viser seg at han hadde eit rikt sosialt liv i spelet World of Warcraft.

OSCAR-HÅP: Den norske dokumentarfilmen Ibelin er eit mogleg norsk Oscar-håp. Foto: Medieoperatørane / handout / NTB

Ein viktig pris

Oscar er ein filmpris som blir delt ut kvart år av den amerikanske organisasjonen The Academy of Motion Picture Arts and Sciences. Prisen blir rekna som den mest prestisjetunge i filmbransjen.

Mystisk kallenamn

Prisen blei delt ut første gong i 1929 og fekk kallenamnet Oscar i 1931, men opphavet til namnet er usikkert, ifølgje Snl.no.

Det formelle namnet på prisen er Academy Award of Merit.