– Det er viktig å vera med på klimatoppmøtet fordi det er me barn som er framtida. Me må vera med for å seia meininga om framtida vår, seier Viljar Olausen (14).
Anna Halten Horn (13) peikar på at barn sine rettar skal vera med i sluttrapporten etter klimatoppmøtet.
– Det er viktig at barn får betre høve til å ytra seg om klima, seier ho på videomøte med Framtida Junior.
Krav til klimaministeren
Ei viktig sak under toppmøtet er klimafinansiering, og kravet om at rike land må betala meir for at fattige land skal kunna tilpassa seg klimaendringane og sørgja for ei grøn omstilling.
– Noreg gjer alt for lite i dag, understrekar Viljar Olausen. Mange klima- og bistandsorganisasjonar meiner at Noreg må bidra med 67 milliardar kroner årleg i klimafinansiering.
– Leiaren vår, Jakob Sande Haugset, var streng med klima- og miljøministeren, fortel Anna.
– Han var tydeleg på at klimaengasjementet blant barn har gått ned, og det skuldast manglande handling frå politikarane.
– Spennande
På klimatoppmøtet har Barnas klimapanel hatt fleire møte med barn og unge frå andre land. Dei har òg møtt klimapanelet til FN, IPCC, og klima- og miljøminister Tore Sandvik og fleire stortingsrepresentantar.
– Det var vore hyggeleg og spennande å vera her. I tillegg til å vera med på mange møte, har me òg delt Barnas klimarapport, fortel Anna Halten Horn og Viljar Olausen.