Trump blir president i USA

Statsminister Jonas Gahr Støre gratulerer Donald Trump med valsiger.

– Dette vil verkeleg bli den gylne tidsalder for Amerika. Vi feirar ein storslegen siger for det amerikanske folket, som vil tillate å gjere Amerika stort igjen.

Det var noko av det Donald Trump sa då han talte til tilhengjarane sine etter å ha erklært valsiger, ifølgje VG.

Første gong på over 120 år

Alt tyder på at han blir den neste presidenten i USA, sidan han har sikra fleirtal i fleire viktige vippestatar.

Trump var president frå 2016 til 2020, så dette blir hans andre periode som president. Det er første gong på over 120 år at ein president i USA har to periodar som ikkje er samanhengande.

Gratulerer Trump

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) har gått ut og gratulert Trump med valsiger, ifølgje NRK.

– USA er Noregs viktigaste allierte og vi samarbeider tett på mange område. Eg ser fram til å fortsette samarbeidet med USA under Trump si leiing.

Det republikanske partiet ser også ut til å få fleirtal i Kongressen, som vil gjere det enklare for dei å få gjennom lover i presidentperioden.