Leiar i Barnas klimapanel tek eit oppgjer med mobbing

Jakob Sande Haugset (14) har vore vitne til at barn mobbar barn for klimaengasjement, men synest det verste er når vaksne gjer det.

Barnas klimapanel
  • Vart stifta i 2015
  • Består av åtte barn som kvart år blir valde av medlemmane til Miljøagentane
  • Jobbar for at politikarar skal lytte til barn og unge i klima- og miljøsaker
LES FAKTALUKK FAKTA

– Eg veit om ei som sat på ein klimademonstrasjon utanfor eit rådhus, og så kjem det ein politikar bort til ho frå Frp og klappar ho på hovudet og seier; «Så bra de engasjerer dykk!». Og det er det rapporten vår handlar om. Han heiter «Så bra du engasjerer deg! – Hvor lenge skal vi barna gidde?».

Det seier Jakob Sande Haugset (14). Saman med resten av Barnas klimapanel, som han er leiar for, har han nettopp presentert Barnas klima- og miljørapport på Klimahuset i Oslo.

Søkkande engasjement

– Nokre av hovudfunna i årets rapport er at engasjementet dessverre er litt søkkande, og at det er færre som føler at dei bryr seg så mykje om klima- og miljøsaka enn tidlegare, seier nestleiar Maria Tøsse Pihlstrøm (14).

ENGASJERT: Maria Tøsse Pihlstrøm synest det er logisk at klimaengasjementet blant barn og unge har gått ned. – Du er skikkeleg engasjert, du seier det til politikarane og dei svarar at dei skal gjere noko, men så gjer dei ingenting. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Politikarane må ta grep

Maia trur det handlar om korleis politikarane oppfører seg.

– Når politikarane gong på gong ikkje gjer det dei seier dei skal gjere, så mistar òg barn motet. Det gir jo meining, seier Maria.

Ifølgje rapporten, er det berre litt over 1 av 10 av barna som opplever at politikarane gjer nok for å løyse klima- og miljøproblema. Endå færre opplever at dei kan påverke politikarane i klima- og miljøsaker.

RAPPORT: Jakob Sande Haugset og Maria Tøsse Pihlstrøm blar i rapporten dei nettopp har presentert på Klimahuset. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Flammen har ikkje brunne ut

Maria legg til at barn og unge framleis er like redde for klima og miljø.

– Så det handlar meir om at det kan følast litt håplaust når politikarane ikkje bryr seg og tar saka på alvor.

Også Jakob blir påverka av det.

– Men eg veit at flammen i barn og unge ikkje har brunne ut, og han skal aldri brenne ut. Det er noko av det vi i Barnas klimapanel jobbar hardast med. Eg trur mange barn og unge er engasjerte, men dei tør ikkje å seie det.

Ikkje kult

Noko av det rapporten syner, er at det kan opplevast mindre kult å vere klimaengasjert no.

I 2023 svarte halvparten (50 prosent) av barn og unge at dei trur andre barn synest det er kult å bry seg om klima og miljø. I 2024 har talet falle til 38 prosent.

HALDNINGAR: Jakob Sande Haugset etterlyser ei haldningsendring. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Då dei la fram rapporten, trekte Barnas klimapanel fram at Unge Høgre-leiar Ola Svenneby erklærte generasjon Greta Thunberg død etter fjorårets skuleval. Dei to miljøagentane trur at slike utsegner kan bidra til at det er mindre kult å vere engasjert i klimasaka.

Hets frå vaksne

Jakob meiner somme parti må ta eit oppgjer med politikarane sine.

– Som leiar i Barnas klimapanel får eg lov til å vere ute og snakke med masse folk, og eg har høyrt folk bli mobba av andre barn for klimaengasjementet sitt. Men verre er når folk blir mobba av vaksne politikarar. Dei burde jo vite kva det er dei held på med.

Han har sjølv blitt kalla hjernevaska og hjerneskada av vaksne. 14-åringen har fått kommentarar både i kommentarfelt i sosiale medium og ansikt til ansikt.

BOKSEHANSKAR: Nestleiar i Naturvernforbundet Pernille Hansen gav boksehanskar til Jakob Sande Haugset. Dei har han fått i oppdrag å gi til ein vaksen, kanskje ein politikar, og forklare at dei må slåst for klimasaka. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Jakob trur det er utfordrande å vere ung klimaengasjert i dag.

– Det er sånn med oss menneske at vi tar meir til oss det negative enn vi tar til oss det positive.

For Maria er det å møte andre som er engasjerte og delta på slike arrangement som lanseringa av klimarapporten, noko som gjer ho motivert.

– Å kunne vere ein del av det fellesskapet, ein del av ein organisasjon, og skjøne at det er andre som bryr seg, sjølv om det ikkje alltid kan følast sånn når ein sit heime – det er veldig inspirerande for meg.

Klima- og miljødepartementet: – Gjer for lite

Statssekretær Sigrun Gjerløw Aasland (Ap) i Klima- og miljødepartementet har lese rapporten til Barnas klimapanel, og synest dei kjem med mange gode forslag.

– Både til ting vi alle kan gjere, til ting politikarar kan gjere, og også tydeleg beskjed til oss om å ikkje snakke så komplisert om klima. Det er eg heilt einig i, skriv ho på e-post.

Statssekretæren synest det er bra at barna meiner politikarane skal gjere meir, og dumt at så mange trur det ikkje nyttar.

– Dei har heilt rett i at styresmaktene har gjort – og framleis gjer for lite for å bremse klimaendringane. Men vi gjer stadig meir, og i 2024 har vi ein mykje betre klimapolitikk enn det vi hadde i 2014. Dette har ført til at vi i fjor klarte å kutte like mykje i utslepp på eitt år, som vi klarte for heile perioden frå 1991–2022.

Aasland lovar at dei skal jobbe for ein endå betre klimapolitikk i åra framover.

– Då er det utruleg viktig at vi har barna med på laget og lyttar til dei. Og til dei som lurar på om deira innsats betyr noko: Ja, det gjer han!