– Eg er litt sett ut no, seier lærar Sveinung Gulestøl når han får meldinga om at klassen hans har vunne skrivekonkurransen til Framtida Junior.
Han fortel at klassen blei strålande glade då dei fekk vita om sigeren.
Klassen konkurrerte med elevar og klassar over heile Noreg. Over 100 tekstar kom inn i skrivekonkurransen.
Premien er 1500 kroner og klassesett av Framtida Junior til vinnarklassen med flest gode tekstar. Viss det lar seg gjennomføra, er tanken at klassen skal feira med ein overnattingsfest, fortel læraren.
Sivert Varnes Nygård (11) i klassen vinn òg prisen for beste tekst, med teksten Det skumlaste eg veit. Han får bokpremie og Framtida Junior-t-skjorte.