Laurdag gjekk innbyggjarane i Georgia til valurnene.
Oppteljinga viste at det russiskvenlege regjeringspartiet Georgisk Draum fekk 54 prosent av stemmene, noko motstandarane deira meiner ikkje stemmer.
Den sitjande presidenten Salomé Zourabichvili skriv på X at ho ikkje kan anerkjenna valresultatet.
– Det ville legitimera Russlands overtaking av Georgia. Våre forfedrar har mått halde ut for mykje til at me skal gje opp vår europeiske framtid, skriv ho.
Noregs utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) er òg uroa over korleis i valet vart gjennomført.
Ifølgje ein rapport vart det rapportert om veljarpress, vald og skadeverk rundt valet. Rapporten peikar òg på finansielle hindringar og den omstridde «utanlandsk agent»-lova, som vert omtala som ein kopi av russiske lover.