Det skumleste eg vet er ettergangarar. Veit du kva ein ettergangar er? Ikkje det. Det er ein død person som viser seg for andre.
Dette skjedde i 2014. Då bror min var tre år stod han opp rundt 03.00 på natta, og sa til foreldra mine at det stod ein mann i døra. Han brukte ein frakk og hatt.
Han vart veldig redd, å flytta senga si inn på mitt rom og sov der i cirka fem år. Og i dei fem åra var den andre broren min på det som var den andre bror sitt rom. Og attergangaren vakna opp igjen. Og fem år seinare då broren min flytta inn på rommet igjen, så han sov så vidt på natta.
Rett før eg flytta, drog eg og broren min til mormor. Men den natta såg han mannen igjen, han stod rett over han og han fraus til. Han trudde han berre var på rommet hans. Bror min fekk sjokk, ikkje berre sidan han var der, men fordi me dagen før snakka om mannen. Me hadde snakka om han i ein time.
Me var der tre dagar til. Han hadde ikkje sett han på lenge, han klarte ikkje å sova om natta.
Me har flytta, men me veit enno ikkje kven det var, men me trur at det kanskje var nokon frå slekta. No tenker eg ikkje eg på han så mykje lenger.
For at eg ikkje skal tenke på det, så speler eg eller går ut med venner. Når eg går ut med vener eller speler så tenker eg på andre ting.
Dette innlegget var eit av dei beste i skrivekonkurransen til Framtida Junior hausten 2024. Les saka om vinnarklassen, og fleire skumle tekstar her!