Det skumlaste eg veit

Det skumlaste eg veit, er å vera aleine i mørket. Og kva som er i mørket.

Du veit nesten aldri kva som er i mørket. Tenk om noko stirer på meg. Tenk kor stille det er i huset. Tenk om du vaknar opp til ein lyd om natta i huset. Tenk om noko eller nokon kjem inn i huset om natta.

Eg tenker ikkje ofte på det. Eg prøver å ikkje tenkja på det. Eg klarer det nokre gonger. Det gjer det vanskelegare å sova.

Løysinga er melatonin som hjelper deg til å sova. Men nokre gonger gløymer eg det, og så får eg ikkje sova.

Eg er ikkje skremt av mørket. Men eg er skremt av kva som kan vera i mørket.

Kva viss det er nokon andre i mørket med meg, som eg ikkje kjenner?

Eg tenker ikkje på det mykje lenger.

Død

Eg er redd døden. Eg vil ikkje dø. Berre tanken på det er skummelt. Kva skjer etter døden? Ligg du der og drøymer heile tida? 6 fot under bakken for alltid.

Eg vil ikkje dø. Eg vil ikkje sjå dei eg kjenner dø. Er det eit nytt liv etter døden?

Vondt

Eg hatar å få vondt. Men eg har knekt venstre armen min to gonger. Ein gong då eg falt på den, og den andre var i eit sykkelløp då eg falt på sykkelen.

Eg brekte fingeren då eg gjekk i barnehagen.

Ein gong då eg skulle heim på sykkelen då følgde eg ikkje med, og så treff eg bakken kjempehardt. Eg trudde ingenting skjedde, men så tok eg på haka og såg på handa. Då såg eg blod. Det kom aldri blod då eg knakk armen.

Veksa opp

Eg er redd av for å bli eldre og at ting blir vanskelegare rundt meg. Som at skulen blir vanskeleg og mykje av verda rundt meg. Og å få mindre fritid som betyr å kjeda seg og sitja og gjera ingenting.

Dette innlegget vann skrivekonkurransen til Framtida Junior hausten 2024. Les saka om vinnarklassen, og fleire skumle tekstar her!