Kva er ein antropolog?
Ein antropolog er ein som studerer og samanliknar menneskesamfunn og kulturar rundt om i verda.
Kjelde: Store norske leksikon
– Ein kan seie at alle feiringane i botn og grunn handlar om det same spørsmålet: Korleis skal ein forstå, ufarleggjere og overvinne døden?
Tryggleik
I tillegg trur Axel at å feire døden kan gi menneske ein tryggleik.
– Det fortel oss levande menneske at døden som tilsynelatande er farleg, uforståeleg og
noko av det vondaste vi kan oppleve, likevel er noko som vi kan handtere.
Tek dei døde med oss vidare i livet
Axel meiner også at ved å minnast, feire, hylle og sørge over dei døde, gir vi ikkje heilt slepp på dei.
– Vi tek dei med oss inn i kvardagslivet, og på denne måten lever dei døde vidare, seier antropologen.