Inaya Ahmad (11)
– Eg skal feire halloween med venner og ut å samle godteri. Favorittgodteriet mitt er smågodtbiten bubs. Eg skal kle meg ut, men eg veit ikkje som kva enda.
Nora Nadeem (11)
– Eg skal gå «knask eller knep» med venner og kanskje familie. Planen er å kle meg ut som ei heks fordi det er kult. I tillegg er det eit kostyme det er enkelt å få tak i. Eg er glad i halloween fordi ein får masse godteri, og barn elskar jo godteri. Eg likar best kjærleik på pinne fordi den varer så lenge.
Ho Lam Nquyen (11)
– På halloween skal eg gå rundt og spørje folk om å få godteri. I fjor gav eg bort godteri til eit spøkelse eg møtte. Favorittgodteriet mitt er gummibjørnar Eg skal kle meg ut som ei ninja i år.
Louis Sebastian Briones Sanchez (11)
– Eg skal samle inn godteri på halloween. Eg synest det er gøy å feire halloween fordi ein får ete mykje godteri og ein får vere med vennane sine. Det kan hende eg skal kle meg ut som ein vampyr. Det er gøy å kle seg ut for då er ein som dei andre – alle har kostyme på halloween.
Ali Farukh (11)
– Eg skal feire halloween med å ha på kostyme, vere med vennar og finne hus eg kan banke på og spørje etter godteri. Eg har gått «knask eller knep» tidlegare år og fått masse godteri. Eg likar all slags godteri utanom lakris. Akkurat kva eg skal kle meg ut som veit eg ikkje enno, men eg skal kle meg ut.