Topp fem halloween-kostyme
Ifølgje tal frå Google er desse halloween-kostyma mest populære i år:
- Pirat
- Minnie mus
- Vampyr
- 1980-talet
- Heks
LES FAKTALUKK FAKTA
Tradisjonelt skal ein kle seg ut som noko skummelt under Halloween-feiringa. Årsaka til dette var ei overtru om at det på halloween var enkelt for ånder og sjeler å kome seg inn i menneskeverda.
Vidare var det trudd at dei skumle halloween-kostyma ville skremme bort ånder og spøkelse som var vonde.
Nye trender
I dag er halloween-kostyme ofte inspirert av kjente personar og hendingar som skjer rundt oss.
Med det er vi ikkje lenger så opptekne av at halloweenkostymer skal vere skumle, sjølv om det framleis er populært å kle seg ut som skremmande karakterar som zombiar og vampyrar.