Vil heve aldersgrensa på sosiale medium til 15 år

I dag er grensa for å vere aktiv i sosiale medium 13 år i Noreg. Denne veka føreslo regjeringa å auke aldersgrensa til 15 år.

Den nye grensa på 15 år, dersom ho går gjennom, skal kontrollerast strengare enn i dag.

Nøyaktig korleis det skal gjerast er ikkje klart enno.

Eit forferdeleg forslag

Ungdomsorganisasjonen Press – Redd Barna Ungdom er svært skeptisk til ei ny aldersgrense, og meiner det er eit forferdeleg forslag.

Ei slik grense vil både gå ut over ytringsfridom, barn og unges rett til å delta i samfunnet og moglegheitene deira til innhenting av informasjon, seier Marius Sjølyst, leiar i Press, til Framtida.no.