I 2029 får Færøyane sitt første fengsel, skriv NRK. Då slepp kriminelle å reise til Danmark for å sone ei lengre fengselsstraff.
I dag har Færøyane berre eitt varetektsfengsel. Det har plass til 14 innsette.
Når nokon er i varetekt, er dei berre mistenkte for eit lovbrott. Etter at dei har fått ein dom, og veit kor lenge dei skal straffast, blir dei flytta til eit vanleg fengsel.
I dag må dei som bryt lova på Færøyane reise til fengsel i Danmark. Men om fem år kan dei sitte i fengsel på Færøyane.