Tor-Håkon jobbar med døden

Han svarer tusenvis av følgarar i sosiale medium på spørsmål om døden.

Tor-Håkon Gabriel Håvardsen er gravferdskonsulent. Det vil seie at han jobbar i eit gravferdsbyrå, som hjelper folk når nokon har døydd.

– Vi ordnar blant anna med musikarar, talarar, pynt, stell av den døde, seremonilokale, gravstein, hjelp med arv og alle moglege spørsmål nokon har når dei har mista nokon dei er glade i, fortel Tor-Håkon.

I tillegg svarer han på spørsmål om døden på Tik-Tok. Både i sosiale medium og på jobb er han opptatt av å la barn få spørje om alt dei lurer på. Av og til møter han for eksempel barn viss han hentar ein bestefar eller ei bestemor som har døydd heime i huset.

– Nokon barn spør om å få prøve å sitte i den bilen vi køyrer døde menneske i, og det får dei alltid lov til.

Både ein fin og vanskeleg jobb

Tor-Håkon synest det er veldig fint å jobbe med døden.

– Det er stille og roleg å jobbe med dei døde. Det er det siste fine ein kan gjere for nokon, meiner Tor-Håkon.

Han kler mellom anna på dei døde favorittkleda deira, tar på sminke eller naglelakk, vaskar og ordnar håret og legg teikningar i kista. Men å jobbe med døden kan også vere trist og vanskeleg.

– Nokre menneske døyr i ulykker, andre døyr ved at dei tar sitt eige liv, nokon gonger døyr barn, og andre gonger blir nokon drepne. Då kan det vere vanskeleg å sjå kor vondt familien har det. Nokon gonger gret vi i gravferdsbyrået ein skvett vi også, fortel Tor-Håkon.

– Det viktigaste av alt er å leve

Alle møter døden ein gong i løpet av livet. Då Tor-Håkon var barn, tenkte han mykje på døden etter at han såg teikneserien om spøkelset Casper.

– Eg lurte veldig på kvifor han blei eit spøkelse, og forstod etter kvart at det betydde at han var ein ung gut som ein gong hadde døydd.

Sidan då har han vore veldig opptatt av døden og heile tida hatt lyst til å lære meir. Men nokon er redde for døden.

– Du kan slappe heilt av, for det viktigaste av alt er å leve og gjere det beste du kan ut av livet du har fått. Døden treng du ikkje tenke på, for den berre er der, forhåpentlegvis langt, langt der framme.

Tor-Håkon meiner det er betre å tenke på det som gjer deg glad og interesserer deg viss du er redd for døden.

– Fokuser på det du ønsker å bli når du blir større, og jobb hardt for å vere ein venn andre kan stole på og ein som gjer mykje for dei svake, rådar han.