Derfor er nordljoset nokre gonger rosa

Fekk du med deg nordljoset tidlegare i veka? Her får du svaret på kvifor nordljoset nokre gonger er rosa, slik det har vore i det siste.

Nordljos

Sola sender alltid ut ein slags type vind som ikkje består av luft, men av små partiklar. Denne vinden blir kalla solvind og når han krasjar med lufta på jorda, kan lufta begynne å lyse. Det er dette som er nordljos.

Kjelde: Vesle norske leksikon

LES FAKTALUKK FAKTA

Den siste veka har nordljos blitt observert over store delar av Europa og USA.

Årsaka til den uvanleg store nordljosaktiviteten er hyperaktivitet på sola. Det har ført til mykje solvind som resulterer i mykje nordljos.

Det er ikkje berre mengda nordljos på nattehimmelen som er uvanleg, men også fargen på nordljoset.

Rosa fargespel

Nordljos er vanlegvis grønt, men dei siste dagane har det også vore rosa.

Rosafargen kjem frå nitrogengass – eit grunnstoff som er ganske langt nede i atmosfæren. Atmosfæren er laget av luft som ligg rundt jorda.

Vi får rosa nordljos når partiklane frå solvindane har mykje energi og klarer å trenge langt ned i atmosfæren. Då krasjar partiklane frå solvinden med nitrogengassen som er der, og nordljoset blir rosa.