Kvoteflyktning
Flyktningar Noreg planlegg og legg til rette for å ta imot. Også kalla overføringsflyktning.
Kjelde: Store norske leksikon
Forslag til statsbudsjettet 2025 blei lagt fram 7. oktober. Forslaget inneber mellom anna ein auke på ti prosent i pengestøtte til menneske i naud.
– Dette er sjølvsagt Unicef Noreg glade for. Det betyr at fleire menneske i naud vil få hjelp, seier generalsekretær Maria Greenberg Bergheim til Framtida junior.
– Svik mot sårbare barn
På den andre sida er Unicef Noreg skuffa over at statsbudsjettet foreslår å berre ta imot 200 kvoteflyktningar. Dette er eit lågt tal samanlikna med dei 5000 kvoteflyktningane FN har bede Noreg om å ta imot.
– UNICEF meiner dette er eit stort svik mot sårbare barn og menneske, og usolidarisk av Noreg, seier Bergheim.