Heile skulen jogga for SOS Barnebyer – samla inn så mykje pengar at rektor måtte farga håret blått | Framtidajunior.no

Heile skulen jogga for SOS Barnebyer – samla inn så mykje pengar at rektor måtte farga håret blått

Heile skulen jogga for SOS Barnebyer – rektor måtte farga håret blått

– No føler eg meg litt kul! seier rektor Vibecke Storebø saman med elevane i 6.klasse ved Storebø skule på Austevoll. Foto: Svein Olav B. Langåker
FAKTA: SOS Barnebyer

SOS-barnebyer jobbar for å sikra retten til barn til vern og god omsorg. SOS-barnebyers katastrofefond hjelper barn ramma av krig og katastrofar over heile verda og sikrar rask utrykking med livsnødvendig hjelp og oppretta tryggleikssoner for barn. Er til stades i 136 land og kan derfor ofte svært raskt komma i gang med nødhjelpsarbeid når kriser hender. FN reknar med at kring 260 millionar barn i verda ikkje får gå på skule på grunn av fattigdom og krig. 28 millionar barn er heimlause på grunn av krig og konfliktar.

– Eg sa at om elevane samla inn meir enn 20.000 kroner, så skulle eg farga håret mitt blått, seier Vibecke Storebø. Rektoren på Storebø skule i Austevoll hadde ikkje trudd at elevane skulle samla inn så mykje.

Men så klarte elevane å samla inn 30.000 kroner!

Flasker og sponsing

– Me arrangerte skulejoggen til inntekt for SOS Barnebyer og heimlause barn, fortel Anders Østervold (11). Nokre elevar samla flasker, andre fekk foreldre og andre til å sponsa joggeturen.

Ordførar Morten Storebø kom i ordførarkjedet sitt og starta skulejoggen i regnvêret.

Hjelper barn i katastrofar

Lerke Fagerbakke Skår (11) er glad for at skulen klarte å samla inn så mykje pengar.

– Pengane skal gå til barn i katastrofar og gi barn ein plass å bu og gi dei høve til å gå på skulen, fortel ho.

Dei seinaste åra har katastrofefondet til SOS Barnebyer mellom:

  • hjelpt barn i Syria
  • dela ut mat og vatn til etiopiske barn
  • heim til jordskjelvramma barn i Nepal
  • hjelpa barn på flukt i Hellas og tørkerammede i austlege Afrika
  • i år har fondet bidratt inn etter eksplosjonen i Beirut, finansiert arbeid etter konsekvensane til koronapandemien og no sist i samband med at flytkningleiren i Moria i Hellas brente ned.
– No føler eg meg litt kul! seier rektor Vibecke Storebø saman med elevane i 6.klasse ved Storebø skule på Austevoll. Foto: Svein Olav B. Langåker

– Barn og unge kan gjera ein forskjell

Rikke Soligard i SOS Barnebyer seier at barn og unge som engasjerer seg verkeleg kan gjera ein forskjell. Ho håpar alle elevane kjenner på det. I fjor var kring 1000 skular som engasjerte seg for SOS Barnebyer.

– SOS-barnebyer er utruleg glade for å ha med oss Storebø skule på laget, for med deira viktige innsats og engasjement når me endå fleire av dei barna som treng det som mest.

Kva meiner du?

841 svar

Kva er du?

Trykk på eit svar for å sjå kva andre meiner. Vi lagrar ikkje kven som svarar.

Les vidare

Utforsk meir