Viruset har ei dødelegheit på opp til 88 prosent. Det finst verken vaksine eller kur mot viruset, skriv VG.
Rwandiske helsestyresmakter opplyste torsdag på X at dei hadde stadfesta 37 sjukdomstilfelle og 11 dødsfall grunna viruset.
– Vi vil umiddelbart setje inn alle kritiske verkemiddel for å hjelpe Rwanda med å stoppe spreiinga av dette viruset, uttalar Matshidiso Moeti, regiondirektør for Verdas helseorganisasjon (WHO) i Afrika.
Folkehelseinstituttet (FHI) forklarar at marburgviruset smittar ved kontakt med kroppsvæsker frå sjuke personar eller dyr. Smitten kjem opphavleg frå flaggermus.