New Zealand set rekord med verdas største haka

Meir enn 6000 personar utførte maori-dansen haka for å ta tilbake verdsrekorden.

Haka
  • Haka er ein seremoniell dans i maorikulturen
  • Maoriane er ei urbefolkning på New Zealand
  • Haka blir ofte sett på som ein krigsdans som skal gjere krigarar klare til strid
  • Det newzealandske herrelaget i rugby, som blir kalla All Blacks, framfører haka før kampane sine og har gjort dansen internasjonalt kjend

Kjelde: Wikipedia og SNL

LES FAKTALUKK FAKTA

All den tid haka stammar frå den newzealandske maorikulturen, skulle ein kanskje tru det var New Zealand som hadde verdsrekorden i største haka. Men tvert imot, den rekorden vart faktisk tatt av Frankrike i 2014. Då framførte 4028 personar haka etter ein rugby-kamp i Brive-la-Gaillarde sørvest i landet.

No har New Zealand tatt tilbake rekorden, skriv The Guardian.

Søndag deltok 6531 personar i framføringa av Ka Mate-hakaen, som rugbylandslaget All Blacks er kjend for å framføre før kamp. Rekorden vart sett på rugby-stadionet Eden Park i Auckland.

Michael Mizrahi, som var leiar for verdsrekordforsøket, seier ifølgje The Guardian at dei ønskte å bringe hakaen heim med rekorden.

– Det er ikkje berre at vi ønsker å ta han frå franskmennene, det er som ein nasjonalskatt som nokon har tatt frå oss. Det har enorm betyding for oss som newzealendarar, seier han, og legg til at nokre ting burde vere kulturelt heilage.