Illeluktande pingvin kåra til årets fugl

Hoiho er ein pingvinart med gule auge som lagar skingrande lydar og luktar fisk. No er han kåra til årets fugl på New Zealand.

Kåringa av årets fugl på New Zealand

Kåringa, som starta i 2005, blir gjort for å auke merksemd rundt utfordringane fuglane på New Zealand står ovanfor. Mange av dei særeigne artane er utryddingstrua eller allereie utrydda som følgje av sjukdom og menneskeaktivitet.

Kjelde: The Guardian

LES FAKTALUKK FAKTA

Hoiho, som betyr «støyropar» på maori, er den største pingvinarten som lever på fastlandet på New Zealand. No er han kåra til årets fugl på New Zealand, skriv The Guardian.

Pingvinarten er ein av dei sjeldnaste i verda med mellom 4000 og 5000 attlevande individ. I løpet av dei siste femten åra har bestanden gått ned med nesten 80 prosent og han held fram med å gå ned.

Årsaka til nedgangen i antal individ er hundeangrep, forstyrring frå menneske, klimaendringar, fiskerinæringa og sjukdom.

Høyr lyden Hoiho-pingvinen lagar her!