Maiken (12) sitt triks for å sovna på to minutt

Maiken Klovning Tverdal sovnar på berre to minutt. Korleis klarer ho det?

Når Maiken legg seg om kvelden, veit ho akkurat kva ho skal gjera for å sovna raskt.

– Eg fokuserer intenst på kommoden eller ein annan ting i rommet, forklarer ho.

– Etter kvart blir eg sliten, lukkar augo, og sovnar.

Det tek henne sjeldan meir enn eit par minutt før ho er i draumeland.

Faste rutinar

Maiken legg seg kvar kveld klokka 21.00 og står opp mellom 06.00 og 06.30. Ho er ei aktiv jente med ein travel kvardag. Etter ein lang dag med skule og trening, føler ho seg ofte trøytt når ho kjem heim.

– Eg kjem som regel heim på kvelden, enten frå trening eller tid saman med vener. Kveldsrutinen min er å eta kvelds, pussa tennene, smørja meg med fuktigheitskrem, sjå litt på telefonen, og så sovnar eg, seier ho.

– Det er berre viss mamma har gløymt legginga litt at eg er på telefonen. Men berre viss eg orkar, fortel ho.

Det er ikkje alltid lett å følgja den faste leggetida, spesielt ikkje etter ei sein handballtrening.

– Eg har ein del treningar frå klokka 19.00 til 20.30. Når eg kjem på trening litt før klokka

19, er eg ofte trøytt, men i løpet av treninga blir eg meir vaken. Etter treninga kjenner eg meg ikkje veldig trøytt, men eg kjenner at eg er sliten på veg heim i bilen, fortel ho.

Vil på landslaget

Handball er ein stor del av livet, og Maiken har store draumar.

– Eg satsar på handball. Eg vil på landslaget!

SOVETID: Handball er ein stor del av livet, og Maiken har store draumar. – Eg satsar på handball. Eg vil på landslaget! fortel ho. Foto: Privat

Med slike ambisjonar blir det mykje trening, både tidleg og seint. Nokre dagar trenar ho frå klokka 15.00 til 17.00, andre gonger seinare på kvelden.

– Viss eg trenar tidleg, sovnar eg ikkje på sofaen. Det gjer eg ofte viss eg skal ha sein trening. Men eg sovnar om kvelden likevel, så det går bra, fortel ho.

Sjølv om Maiken stort sett søv godt, har ho også opplevd netter der søvnen ikkje kjem like lett.

– Viss eg ikkje søv godt, er eg veldig trøytt når eg skal på skulen. For eksempel viss eg får mareritt som gjer det vanskeleg å sovna igjen, seier ho.