Barn i Gaza får vaksine mot polio

No er vaksinasjonen mot polio i gang for barn i Gaza.

Helsestyresmaktene på Gazastripa, saman med FN og fleire andre organisasjonar, sette laurdag i gang med å vaksinere barna, ifølgje Moussa Abed i helsedepartementet. 

Korte pausar i kampane

Tidlegare denne veka gjekk Israel med på korte pausar i kampane i tre område på Gazastripa, slik at barna der kunne få vaksine mot den farlege sjukdommen. Det er første gong på 25 år at polio er blitt påvist i Gaza, etter at eit lite barn nyleg vart smitta.

FN har levert 1,2 millionar dosar poliovaksine og håpar at alle barna skal bli beskytta. Polio kan i verste fall angripe kroppens nervesystem slik at den sjuke blir lam. 

Det hender at viruset dukkar opp i enkelte land i verda, men det er sjeldan. Sist gong nokon blei smitta av polio her i Noreg var i 1969. Etter den gong har effektive vaksinar gjort at sjukdommen ikkje har fått spreia seg.