Jenter i Afghanistan over 12 år får ikkje gå på skule

Det er tre år sidan Taliban tok makta i Afghanistan. Den islamske gruppa har allereie innført lover som nektar jenter å gå på skule etter sjette klasse, noko FN fordømmer.

Tysdag la Taliban-regjeringa fram ei rekkje nye lover, der fleire innskrenkar kvinners rettar, melder nyheitsbyrået AP.

Dei nye lovene inneber at:

1Kvinner må dekke seg til:

Kvinner må dekke til kropp og ansikt utanfor heimen, saman med menn dei ikkje er i slekt med, og for alle ikkje-muslimar

2Kvinner får ikkje synga eller lesa:

Kvinner skal ikkje synga eller lesa høgt offentleg

3Kvinner får ikkje sjå på det andre kjønn:

Kvinner skal ikkje halda til tid med eller sjå på menn dei ikkje er i familie med. Det same gjeld andre vegen

4Kvinner må ha følgje:

Det er forbode å transportera kvinner som reiser utan følgje

Moralpolitiet, som er politiet i Afghanistan, kunne òg fortelja at dei det siste året har fengsla over 13 000 personar for umoralske handlingar, drege inn 21 328 instrument og sparka 281 menn utan skjegg frå tryggingsstyrkane, ifølgje NRK.

Taliban forbyr òg all musikk, som dei ser på som haram, mot Guds lover.