Mange born tek smertestillande ofte

1 av 3 born i 5.–7. klasse tek smertestillande tablettar kvar veke.

Det viser ei undersøking frå Velferdsforskningsinstituttet NOVA. Det er jenter i 7. klasse som tek flest smertestillande.

Line Granlund i Helsedirektoratet meiner born må lære seg at smerter og plager er ein del av livet.