Sjå løveungane ute for første gong i Dyreparken! 

Nesten 1000 menneske møtte fram då dei tre løveungane i Dyreparken i Kristiansand tok sine første potesteg utandørs.

FAKTA: Løver
  • Art: Panthera leo
  • Lever: Afrika og India
  • Leveområde: Savanne, ope skoglandskap, steppr, halvørken og fjell
  • Føde: Dyr som mellom anna sebra, gnu, antiloper og impalaer
  • Vekt: 120 – 250 kilo
  • Levealder: 10 – 20 år
  • Drektigheitstid: 100 – 119 dagar, ca. 3,5 månader
  • Talet på ungar: 1 – 6 ungar
  • Status: Sårbar (IUCN Red List)
LES FAKTALUKK FAKTA

Både publikum og dyrepassar var spente på korleis både løveungene, søsken og foreldre ville oppføra seg når dei minste skulle ut for første gang i Dyrehagen.

– Så langt har dette gått fint! Og det er veldig gøy å sjå ungane ute i det store hegnet og at så mange møtte opp for å få dette med seg, seier dyrepassar Olav Åsland.

Sjå video av løveungane då dei var nyfødde:

Flokkdyr

Løva er dei einaste kattedyret som lever i flokk. Ein flokk kan innehalda alt frå to til 40 dyr. Løvene liker seg på stader kvar mattilgangen er god. Det kan vera savanne, steppelandskap, halvørken, eller andre stader der det er sebra, gnu og andre byttedyr. Løver et alt han kan fanga og drepa. Viktige byttedyr er gnu, impala, antiloper, bøflar, villhundar, sjiraffar og sebraer.

Løvene får frå 1 til 6 ungar (normalt 2-3) etter at dei går drektige 3,5 månader. Ungane veg 1-2 kg ved fødselen, og opnar auga etter ca. 11 dagar. Når ungane er to veker byrjar dei å gå rundt, og når dei er ein månad gamle løpar dei.

Løvene er sårbare på IUCNs raudliste. Hovudtrusselen er tap av leveområde, mangel på byttedyr og jakt. Derfor er løvene er ein del av eit bevaringsprogram, og målet for programmet er å ha ein sunn bestand av løver i dyreparkane i verda som ein reserve for framtida.