Turmat frå heile verda: Eton mess

Oppskrifta er frå Norsk Friluftsliv.

Freistar det?

Freistar det å prøve empanadas, biryani, eller dumplings neste gong du er ute på tur? På turmat.no finn du oppskrifter på turmat frå heile verda. Nettsida er ein del av Norsk Friluftsliv sitt prosjekt Turmat frå heile verda. Målet er å bygge bru mellom norsk turkultur og internasjonal matkultur.

LES FAKTALUKK FAKTA

Du finn denne oppskrifta, og fleire oppskrifter med turmat frå heile verda, på turmat.no.

Eton mess er ei eldgammal oppskrift på ein enkel og deilig dessert med opphav frå den britiske kostskulen Eton.

INGREDIENSAR TIL 2 PORSJONAR

1 korg kalde jordbær (ca. 500 g)
30 g marengs
150 ml kremfløyte
3 dropar vaniljeessens (kan sløyfast)
2 ss melis (til valfri topping)
4 stk mynteblad (til valfri topping)

Utstyr

Bolle
Visp
Kniv
Fjøl
Skåler og skeier til servering

Førebuingar heime

Du vel sjølv kor komplisert du ønsker å gjere førebuingane.

  1. Om mogleg transporterer du dei kjølte jordbæra og kremfløyten i kjølebag, då denne desserten smaker best så kald som mogleg.
  2. Du kan for å gjere det enkelt bruke kremfløyte “på boks”, sjølv om denne er søta og sluttresultatet då kan bli litt for søtt.
  3. Marengsen kan du enten kjøpe ferdig i butikken, eller lage din eigen av stivpiska eggekvite og sukker (i forholdet dobbelt så mange gram sukker som eggekvite).

Slik gjer du ute:

  1. Bryt opp marengsen i bitar (ikkje for små).
  2. Skyll og rens jordbæra og kutt dei i 4-5-6 bitar. Spar gjerne nokre heile jordbær til pynt. Hald, om mogleg, jordbæra kalde.
  3. Pisk kremfløyten til han blir ganske stiv. Han skal framleis vere tungtflytande, altså ikkje heilt stiv. Pisk gjerne nokre dropar vaniljeessens inn i fløyten.
  4. Rot forsiktig saman kremen, marengsbitane og jordbæra.
  5. Pynt gjerne med nokre heile jordbær, litt melis og/eller nokre mynteblad. Men fortvil ikkje over estetikken: Sjølv ikkje britiske stjernekokkar har klart å få til ein vakker presentasjon av denne roteretten!
  6. Server så raskt som mogleg, før desserten blir varm og før marengsbitane går heilt i oppløysing. Du nyt Eton mess best i full sol!
VILL PYNT: Fiolar eller andre spiselege vekster kan brukast som pynt på desserter og kaker. Foto: Mari Kolbjørnsrud / Norsk Friluftsliv