Fredag førre veke blei konkurransen «World Ugliest Dog Award», eller «Verdas styggaste hund» arrangert i California, skriv The Guardian.

Åtte hundar konkurrerte om å vinne tittelen.

Dei fleste av deltakarane var adopterte laushundar.

Vinnaren blei pekingesaren med namnet Wild Thang. Wild Thang, og eigaren hans, får ein pengepremie. I tillegg får dei komme på eit tv-program.

Konkurransen har blitt arrangert i nesten 50 år. Målet er ikkje å gjere narr av hundane, men å få fleire til å adoptere hundar som treng ein ny heim.
