Turmat frå heile verda: Chili con carne

Oppskrifta er frå Norsk Friluftsliv.

Freistar det?

Freistar det å prøve empanadas, biryani, eller dumplings neste gong du er ute på tur? På turmat.no finn du oppskrifter på turmat frå heile verda. Nettsida er ein del av Norsk Friluftsliv sitt prosjekt Turmat frå heile verda. Målet er å bygge bru mellom norsk turkultur og internasjonal matkultur.

LES FAKTALUKK FAKTA

Du finn denne oppskrifta, og fleire oppskrifter med turmat frå heile verda, på turmat.no.

Chili con carne passar like godt på svaberget ein kjølig sommerkveld som på dei kalde haust- og vinterturane.

Retten er enkel å lage og mettar godt. Viss du ikkje ønsker å lage den ute på tur; kva med å lage den heime og ta den med ut i ein mattermos?

INGREDIENSAR
til 3 porsjonar

400 g kjøttdeig eller karbonadedeig
1 løk
3 dl kjøttbuljong
2 fedd kvitløk
1 chili (mengde etter ønske)
1 boks tomatbønner
4 ss tomatpuré
4 laurbærblad
1 ts spisskummen
2 ts basilikum
2 ts oregano
1 klype salt
1 klype pepar

Slik gjer du:

1. Finhakk løk, kvitløk og chili og steik i litt olje. Sett til side og brun kjøttdeigen.
2. Brun kjøttdeigen og ha i den steikte løken og chilien.
3. Tilsett tomatbønner, tomatpuré, buljong og krydder, og kok opp. La retten småkoke nokre minutt, til den «set seg».
4. Smak til med salt og pepar og eventuelt anna krydder.
5. Server eventuelt med litt salat, rømme og brød.

PRAKTISK: Alt i ei panne – veldig praktisk! Foto: Mari Kolbjørnsrud / Norsk Friluftsliv