I går hadde Dyreparken i Kristiansand den første helsesjekken av løveungane.
– Helsesjekken gjekk veldig fint. Det viser seg at det er to hoer og ein hann, og alle ser sunne og friske ut, fortel biolog Helene Axelsen i ei pressemelding.
Løveungane blei vegne og fekk ID-merke.
– Det er godt å få bekrefta at ungane er friske, og at alt står bra til med dei. Kira er ei erfaren mor og tar godt vare på ungane sine, seier dyrepassar Olav Åsland i pressemeldinga.
Del av bevaringsprogram
Løvene er ein del av eit internasjonalt bevaringsprogram i dyreparkorganisasjonen EAZA (European Association of Zoos and Aquaria). Løver i det fri er sårbare fordi dei mister leveområde, manglar byttedyr og blir jakta på av menneske. Løvene i bevaringsprogrammet er derfor ein reserve for framtida.