Aktor i den internasjonale straffedomstolen i Haag (ICC) bad måndag om å få ein arrestordre på Israels statsminister Benjamin Netanyahu, forsvarsminister Yoav Gallant og Hamas-leiarane og Yahya Sinwar, Mohammed Diab Ibrahim Al-Masri og Ismail Haniyeh. Arrestordren er framleis ikkje vedteke.
Både Frankrike og Noreg har uttala støtte til domstolen etter aktor bad om arrestasjonane.
Om arrestordren skulle bli vedteke er dei 124 medlemslanda plikta til å utlevera personane. Dette betyr at Noreg og Palestina som medlemsland vil verta omfatta av ein slik arrestordre, medan USA og Israel ikkje er med.
Israel sin nære allierte USA reagerer på si side sterkt på søknaden.
– Uansett kva aktoren måtte antyda, er det ingen likskapar mellom Israel og Hamas, sa Biden måndag ifølgje NRK.
Den amerikanske presidenten uttala at det som skjer på Gaza ikkje er folkemord og uttrykte støtte til landet.
Òg Israels statsminister Benjamin Netanyahu reagerer sterkt.
– Eg avviser med avsky sammenlikninga i Haag mellom demokratiske Israel og massemordarane i Hamas, seier han i eit utsegn gjengive av NRK.