«Ringenes Herre» blir 15 timar lang opera

Fantasyklassikaren «Ringenes Herre» av J.R.R. Tolkien blir opera for første gong.

Det er den britiske komponisten Paul Corfield Godfrey som skriv musikken, melder Sveriges Radio. Den splitter nye operaen blir delt inn i fleire framsyningar, på til saman 15 timar og 30 kapittel.

Nasjonaloperaen i Wales har allereie starta innspelinga av musikken som skal sleppast i 2025, skriv NRK.

3 fakta om Ringenes Herre:

  • Då traileren til den første filmen vart sleppt på nettet 7. april 2001, vart han lasta ned 1,6 millionar gonger dei første 24 timane.
  • Krigsropet til orkane som du høyrer under slaget ved Helm’s Deep vart spela inn på ein cricketmatch med 25 000 publikummarar til stades. Regissør Peter Jackson instruerte dei personleg.
  • Viggo Mortensen vart så glad i hesten til sin rollefigur Aragorn at han kjøpte han og tok han med seg heim til Idaho.

(Kjelde: Aftenposten)

GIF: Giphy.com