Bursdagsgåver som er bra for klimaet

Framtida Junior har spurt Maria, Anna og Jonah i Barnas Klimapanel om tips til klimavennlege bursdagsgåver.

Maria Tøsse Philstrøm (13):

Foto: Wanda Nordstrøm/Miljøagentane

Har du tips til klimavennlege bursdagsgåver?

– Spleis på ei stor gåve som bursdagsbarnet verkeleg ønskjer seg. Kjøp ting av god kvalitet som er produsert miljøvennleg av miljøvennleg materiale. Og kjøp gjerne brukt!

Kva ønskjer du deg til din bursdag?

– Eg ønskjer meg klede frå bruktbutikkar. Dette er både fordi det er miljøvennleg, men det er også fordi eg ofte synest at ein får tak i endå kulare og meir unike klede derifrå.

Korleis pakkar du inn bursdagsgåver du gir?

– Bruk gamalt avispapir! Viss familien ikkje les aviser, og skal kjøpa gåvepapir, burde ein kjøpa gråpapir. Det kan resirkulerast i motsetning til vanleg gåvepapir.

Kva tenkjer du om at me gir bursdagsgåver til kvarandre?

– Eg tenkjer at det er noko fint ved å gi kvarandre gåver, men synest det har gått litt for langt. No skal ein gje gåver allereie frå barnehagen, og ofte er det mange unødvendige ting.

 

Anna Halten Horn (12):

Foto: Wanda Nordstrøm/Miljøagentane

Har du tips til klimavennlege bursdagsgåver?

– Kjøp ting du veit dei ønskjer seg og kjem til å bruka. Du kan også gi opplevingar som du veit dei vil lika. Eller du kan ta personen med på restaurant eller gje eit gåvekort.

Kva ønskjer du deg til din bursdag?

– Eg ønskjer meg ein fin tur til Nord-Noreg på kvalsafari. Og eg ønskjer meg konsertbillettar og festivalbillettar.

Korleis pakkar du inn bursdagsgåver du gir?

– Eg brukar gåveposar. Eller innpakningspapir som er laga av resirkulert papir. Når det gjeld gåvebandet hender det at eg tek ein tråd som eg flettar.

Kva tenkjer du om at me gir bursdagsgåver til kvarandre?

– Det er fint, men me må tenkja litt på kva me gir. Eg plar å gje litt godteri. Elles prøver eg å gi noko som dei ønskjer seg. Det hender også at eg prøver å spleisa med venner.

 

Jonah Paalssønn Sandanger (11)

Foto: Wanda Nordstrøm/Miljøagentane

Har du tips til klimavennlege bursdagsgåver?

– Fint brukte gåver. Eg har fått det fleire gonger tidlegare.

Kva ønskjer du deg til din bursdag?

– Brukt gaming-PC.

Korleis pakkar du inn bursdagsgåver du gir?

– Eg tek det eg finn av gåvepapir heime. Eg var ikkje klar over at det finst miljøvennleg og ikkje-miljøvennleg papir.

Kva tenkjer du om at me gir bursdagsgåver til kvarandre?

– Eg tenkjer det er veldig bra! Då spreier ein glede!