FAKTA OM BOKA:
Målgruppe: 9+
Målform: Bokmål
Illustrasjonar: Tina Blomqvist
Forlag: Vigmostad Bjørke
– Det var sjølvsagt å ha med klima i denne boka. Det er mange ting som er bra for både miljøet og lommeboka. Ringverknadene av det me gjer i kvardagane kan ha ein effekt, berre det er mange nok av oss som gjer det, fortel Lene Drange som er økonomisk rådgjevar og programleiar.
Her er tipsa til å spara pengar og miljøet:
- Ikkje kast mat – bruk heller restane
Hadde me slutta å kasta mat i Noreg, ville det hatt same klimaeffekt som å fjerna meir enn 400.000 bilar frå vegane.

- Ta godt vare på tinga dine, slik at dei ikkje blir øydelagde og du må kjøpa nye
Har noko vorte øydelagt, kan du prøva å reparera det i staden å kjøpa nytt med ein gong. Kanskje du kan få hjelp til å gjera gamle klede om til noko nytt og kult (redesign)? Kanskje du kan læra å sy av besteforeldra dine?
- Arv klede og ting frå eldre søsken, naboar, kusiner og fetrar. Kanskje til og med foreldra dine har noko frå då dei var på din alder? Vintage er stilig!

4. Slå av lyset og skru ned varmen på rommet ditt når du er på skulen.

5. Et mindre kjøtt. Byt til dømes ut halve kjøttdeigen i tacoen med linser. Det smaker faktisk det same, det kan eg seia, som ein som er ekstremt trufast mot fredagstacoen sin.
6. Finn gøyale ting på loppemarknad og i bruktbutikkar i staden for i butikkar som sel nye ting.
7. Ha shoppestopp! Eller ha ein regel om at viss du kjøper/får noko, så må du kvitta deg med noko anna. Du kan selja det eller gi det til nokon.

8. Dyrk grønsaker i krukker i vindaugskarmen eller i eit bed i hagen.
9. Dusj kortare. Det går heilt fint å kutta ned på varmtvatnet og dermed spara energi.
10. Del ting med venner og naboar. Bytelån klede med gode venner. Kanskje foreldra dine ikkje treng å eiga alt verktøyet sjølv. Kanskje kan dei dela med naboen?
11. Køyr saman med venner på trening eller kamp. Det er hyggeleg!

12. Ikkje vask klede oftare enn nødvendig. Bruk gjerne ull! Klesvask krev energi, og vaskar ein mindre, bruker ein rett og slett mindre energi. Beeeeerekraftig!
13. Unngå små plastgåver i bursdagsbesøk. Lag gjerne ein regel i klassen om at gjestene deler på å kjøpa ei større gåve saman.
Kjelde: Lommeboka / Vigmostad Bjørke