Jakob brukar mykje tid på å stoppe klima- og naturkrisa.
– Me må sjølv ta gode val for naturen. Det nyttar ikkje å tenkjer at «alle andre må gjera noko». Då skjer det ingenting. Eg snakkar også om klimasaka når eg møter folk, fortel han.
Jakob blei nyleg attvald som leiar i Barnas Klimapanel, som jobbar saman om å formidla barn sine meiningar til dei som bestemmer i Noreg.
– Eg prøver å påverka ved å snakka med så mange som mogleg så mykje som mogleg for å sørga for at det går ordentleg inn. Eg prøvar også å spreia ordet når det skjer noko innan klima, miljø eller natur, seier Jakob.
Det handlar om framtida
Det er viktig for han å løyse klima- og naturkrisa fordi det handlar om framtida.
– Det handlar om framtida mi delvis, men først og fremst framtida til dei som kjem etter oss og dei som bur i andre land. Dette viser også rapporten vår: «Koden er å redde kloden». Det er ein rapport laga av oss i Barnas klimapanel. Den seier blant anna at 44 prosent av barn og unge er bekymra for eiga framtid, medan heile 67 prosent bekymrar seg for barn i andre land si framtid. På klimatoppmøtet i Dubai i 2023 fekk eg også høyra Naomi, som er like gamal som meg, fortelja om korleis klimakrisa har hindra hennar rett til skulegang, og moglegheita til å kunne ha det kjekt, fortel Jakob.