Får hovudrolle i Minecraft-filmen

Den kjente amerikanske skodespelaren Jack Black skal spela Steve i den komande Minecraft-filmen.

Jack Black spelte stemma til Bower i Super Mario-filmen i fjor. No er det klart at det er han som skal gi stemma si til Steve i den nye Minecraft-filmen.

Det melder Gamer.no. Filmen er venta å koma i april 2025.