Nintendo skal sjekka det populære dataspelet «Palworld»

Dataspelet «Palworld» er blitt svært populært den siste tida. Men The Pokémon Company, som står bak Pokémon, har ikkje gitt løyve til bruk av figurane dei har utvikla, og vurderer no å ta konkurrenten til retten.

Nintendos The Pokémon Company, som står bak Pokémon-spelet, har skrive kva dei meiner om spelet på nettsida si:

– Me har fått mange meldingar angåande eit anna selskap sitt spel som vart gitt ut i januar 2024. Me har ikkje gitt løyve til bruk av Pokémons åndsverk eller eigedelar i det spelet. Me har til hensikt å undersøkja og setja i verk tiltak for å handtera eventuelle handlingar som krenkjer immaterielle rettar knytt til Pokémon, skriv Nintendo.

«Palworld» har allereie passert 8 millionar solgte spel, ifølgje Tek.no.

Skjermdump / YouTube /
Pocketpair