Lag ein meisebolle til fuglane i hagen

Her får du vite korleis du kan laga ein superpopulær meisebolle til hagefuglane.

Denne oppskrifta frå Fuglevennen.no er superenkel og gøy å laga.

1. Du treng berre tre ingrediensar til denne meisebollen: 500 gram matfeitt, 200 gram lettkokte havregryn og 300 gram solsikkefrø utan skal.

Foto: Frode Falkenberg / BirdLife Norge

2. Smelt feittet med låg temperatur i ein kasserolle. Følg med heile tida, og aldri forlat kasserollen før steikjeplata er slått av.

3. Bland saman dei tørre ingrediensane og feittet, og rør godt. Set blandinga til side, men hugs å røra innimellom. Blandinga må ikkje stivna.

Foto: Frode Falkenberg / BirdLife Norge

4. Finn to pinnar på 18-20 cm. Skjær gjerne ut ei fordjuping i midten på dei begge. Legg dei to fordjupingane mot kvarandre slik at pinnane ligg i eit kryss.

Foto: Frode Falkenberg / BirdLife Norge

5. Bruk hyssing til å binda saman pinnane. Sørg for at tråden er lang nok til å brukast som oppheng. Hyssingen som skal brukast til oppheng bør sentrerast, slik at meisebollen heng nokolunde i vater.

Foto: Frode Falkenberg / BirdLife Norge

6. Når meisebolleblandinga har avkjølt seg (20-30 minutt), er den klar til å “monterast” på trekrysset. Tenk at du skal laga ein snøball med eit trekryss inni. Klatt på masse og form den til.

Foto: Frode Falkenberg / BirdLife Norge

7. La meisebollen stivna før du hengjer den opp. Heng den gjerne opp i eit tre, ute på ei grein, slik at fuglane er trygge for til dømes kattar.

Foto: Frode Falkenberg / BirdLife Norge

8. No er det berre å ønskja velkommen til dekt bord, og kryssa fingrane for at det kjem mange artar. Hugs å notera det du observerer, og rapporter det etterpå til www.fuglevennen.no.

 

(Kjelde: Fuglevennen.no)