I 30 år har Themed Entertainment Association (TEA) kåra dei beste attraksjonane blant 5000 fornøyelsesparkar over heile verda, skriv NRK.
I år stakk Hunderfossen Eventyrpark av med seieren i kategorien «Best Attraction Limited Budget».
Attraksjonen som vann heiter Musikkfabrikken og opna i juni. Musikkfabrikken inneheld animasjon, 4D-film og musikk av Oslo-filharmonien. Målet med attraksjonen er å få fleire barn til å like klassisk musikk.