Rektor berga livet til 900 elevar i flaumkatastrofen i Nepal

Rektor Rajendra Dawadi slo alarm på Tribhuvan Trishuli vidaregåande skule, og fekk elevane til å evakuera. Ti minuttar seinare slukte vass- og leirmassane skulebygningen.

Om eg ikkje hadde teke ei rask avgjerdsle, om eg hadde venta i ti minuttar til, så hadde me alle vore døde, uttalte Dawadi til BBC.

26. august blei grenselandet mellom Nepal og den kinesiske Tibet-regionen råka av eit enormt jord – og isskred. Over 1000 menneske er så langt omkomne, og omlag 4000 er sakna.

Evakuerte elevane

Rektoren hadde på kort tid motteke fleire telefonar med varsel om katastrofen som var på veg. Han beordra dei 900 elevane til å evakuera og komma seg oppover i terrenget. Han stoppa også bussar som var på veg, og bad dei snu.

Rektor Rajendra Dawadi på Tribhuvan Trishuli vidaregåande skule i Nepal valde heldigvis å evakuera elevane. Foto: NTB, AP Photo/Rajesh Kumar Singh

Yunisha Amatya er ein av elevane som opplevde dei dramatiske minuttane på skulen. Ho og nokre vener rømte opp ein smal stige bak skulen og klatra så fort dei kunne oppover åssida. Elevane knuffa mot kvarandre for å komma seg til dei trygge områda. 

– Venene mine og eg var berre ti sekundar frå å bli tekne av flommen, fortel ho til BBC. 

Ein tsunami på land

Forskarar har no funne ut at flaumen byrja med at ei enorm isblokk løsna frå ein isbre 5200 meter høgare opp, i Himalaya-fjella. Denne drog med seg steinar, jord, tre og alt anna på sin veg og la seg som ein propp i elva Gyirong.

Etter kvart som vatnet strøymde på, blei trykket så kraftig at massene til slutt eksploderte nedover og øydela alt på sin veg i nesten 170 kilometer.  Så stort er skadeomfanget at katastrofen blir omtala som ein tsunami på land.

Eit land i krise

Det vil ta lang tid før Yunisha Amatya og dei andre barna i området får gå på skule igjen. Mange av dei har mista vener eller familiemedlemmer, og husa sine. Men takka vera rektor Rajendra Dawadi, overlevde 900 elevar som også kunne vore borte.