Dette treng du:
- 50 gram kokosolje.
- 100 gram mørk eller lys sjokolade.
- 1 egg + ein eggekvite.
- 3 ss sukker.
- Frø frå ei halv vaniljestong.
- 3 ss sterk kaffi.
- 70 gram puffa ris.

Slik gjer du:
- Hakk sjokoladen i små bitar.
- Smelt kokosolja i ei panne på svak varme.
- Bland i kaffi.
- Pisk egg, eggehvite, vaniljefrø og sukker til ein eggedosis.
- Ha den smelta sjokoladeblandinga i eggedosisen.
- Tilset puffa ris og rør godt saman.
- Finn fram eit steikebrett dekt med bakepapir.
- Bruk ei matskei til å laga små bollar av blandinga. Du kan laga dei i små muffinsformer om du vil – eller berre legga dei rett på bakepapiret.
- Set dei i kjøleskap nokre timar slik at sjokoladen blir stiv.
