Protestar i Panama mot gruvedrift

På måndag protesterte mange i Panama mot at eit kanadisk firma får halde fram med gruvedrift.

Den største kopargruva i Sentralamerika ligg i Panama. Det kanadiske firmaet First Quantum driv gruva, som blei opna i 2019. Gruva kan produsere 300 000 tonn kopar kvart år.

Fredag førre veke fornya myndigheitene kontrakten med First Quantum, skriv blant andre France 24. Det kanadiske firmaet får dermed lov til å drive gruva vidare i 20 år.

Protestar i gatene

Då nyheita blei kjent, gjekk folk ut i gatene for å protestere. Dei heldt skilt som sa «Beskytt naturressursane våre» og «Stopp å øydelegge landet vårt». Dei som protesterer, meiner at gruvedrifta skadar naturen.

Protestane held fram denne veka. På måndag brukte politiet tåregass mot dei som protesterte. Skular blei også stengde.

Les også: Forureining frå gruvedrift påverkar 23 millionar menneske