Jaktar internasjonal bande av LEGO-tjuvar

Tre personar er arrestert i Frankrike etter å ha blitt tatt medan dei forsøkte å stela LEGO frå ein leikebutikk. Fransk politi melder om ei krafitg auke i slike tjuveri.

Fransk politi seier at dei er i ferd med å finna eit internasjonalt, kriminelt nettverk som spesialiserer seg på å stela LEGO, skriv NRK.

Men det er ikkje berre i Frankrike at LEGO-tjuvane er på ferde. Også i USA, Canada, Storbritannia og i Australia har det vore store LEGO-tjuveri. Seinast i mars vart ein mann arrestert i delstaten Oregon i USA, fordi han var mistenkt for å ha stole LEGO for om lag 65.000 kroner, skriv Oregon Live. 

Frank politi jaktar no etter etter eit stort internasjonalt nettverk som stel Lego. Foto: Pixabay

Politiet advarar

Politiet advarar no både butikkar og foreldre om å følga med på utviklinga.

– LEGO-samfunnet er ikkje berre born, men det er også mange vaksne som brukar lego til å leika med, seier ein etterforskar.

Han seier også at tjuvar har brote seg inn i private heimar for å stela LEGO. Små brikkar av ein verdi på om lag 200.000 norske kroner skal vera tatt.

Har stor verdi for samlarar

Men kvifor er det fleire som vil stela LEGO, tenkjer du kanskje? Jo – Vice skriv at det er fordi det er ein vare som er dyr, har høg verdi for samlarar og som er lett og selja på internett.

– Det finnast ein svart marknad for alt, spesielt ting med verdi. LEGO er nesten umogleg å spora, då det ikkje har serienummer, og det er lett å selja, seier Peter Simpson ved politiet i Portland i USA.

LEGO lagar berre eit visst antal av dei forskjellige byggjesetta sine, før dei forsvinner frå marknaden. Dette fører til høg samleverdi, skriv The Guardian.