Lego-figuren sin far er død 

Mannen som skapte dei gule Lego-figurane er død.

Designaren Jens Nygaard Knudsen blei 78 år gamal, melder dansk TV2. Han laga figuren på 1970-talet.

Designet av figuren er også brukt i Lego-filmane.