Jakob (13): – Eg blei kalla hjernevaska

Jakob Sande Haugset frå Gloppen er leiar i Barnas klimapanel, og har både positiv og negativ erfaring med å ytra sterke meiningar i klimasaka.

Har nokon prøvd å skremma deg frå å seia meininga di?

– Nei. Det føler ikkje. Men, ein gong eg skreiv noko i kommentarfeltet på ein NRK-artikkel, var det nokon som svara at eg er hjernevaska. Eg har også fått melding om at eg må slutta å engasjera meg. Det veit eg andre i klimapanelet også har fått høyra.

Kva gir det deg å seia meininga di?

– Eg får mange gode vener, eg får ut engasjementet mitt, politikarar høyrer på oss av og til, og eg får energi av det.

Kva kostar det deg?

– Når eg ikkje får gjennomslag kan det kjennast håplaust. Då hentar eg meg inn ved å lesa gode nyhende. Då blir eg motivert. Av og til motiverer også dårlege nyhende meg til å kjempa vidare.

Kva motiverer deg til å stå i meiningane dine?

– Klimasaka er vår tids viktigaste sak. Då kan eg ikkje bøya unna for nokre negative kommentarar. Fleire skulle sagt meininga si. Viss folk held kjeft fordi dei ikkje tør, er det veldig alvorleg. Det har nettrolla eit ansvar for.

Denne artikkelen er ein del av artikkelserien Unge stemmer som er støtta av Fritt Ord.